Velkomen til Askvoll
Velkommen til Askvoll! Ein stad der dine villaste draumar kan realiserast.
Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane, like nord for Bergen, og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Askvoll byr på alt det Fjord Noreg er kjent for, og strekkjer seg frå høge fjell i øst, til det vestlegaste bufaste øysamfunnet, Bulandet, i vest. Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord markerar fastlandsdelen av kommunen som ei halvøy.
Folket i Askvoll lever tett på naturen og elementa. Lyset er skiftande og vakkert, og solnedgangane magiske, heile året. Betre plass for å oppleve «storm watching» når veret dreg seg til, kan ein knapt tenke seg.
Kommunesenteret Askvoll er den naturlege innfallsporten, og er eit godt utgangspunkt for å utforske kommunen. Herifrå går det ferje til Atløy, Fure og Værlandet / Bulandet.
Ta med deg kajakken, fjellstøvlane, sykkelen, fuglekikkerten eller fiskestonga. Eller berre ei bok.
Askvoll er skapt for all slags eventyr!
Følg Askvoll
Hold deg oppdatert
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook