- og bygdene langs Førdefjorden
Langs Førdefjorden finn ein vakre jordbruksbygder som Flokenes, Gjelsvik, Kvammen og Rørvik. Ved Flokeneset opnar fjorden seg opp og går over til Stavfjorden. Med fjellet på den eine sida og fjorden på andre, har ein eit glimrande utgangspunkt for rekreasjon.
Fotturar og fiskevatn
Det er merka sti frå Markavatnet fram til DNT-hytta Nipebu, som ligg ved Langevatnet. I dette området finn ein fiskevatn som ikkje nødvendigvis byr på storfisk, men med litt tolmod er du som regel garantert fangst. I desse fjellvatna kan ein fiske utan fiskekort.
Ved Øyravatnet er det tilrettelagt fiskepir med universell utforming. Her er det badeplass, i tillegg til ein romsleg gapahuk med tilhøyrande grillutstyr og godt med benkeplass.
Førdefjorden byr på godt fiske på både djupt og grunt vatn. Skjergarden innbyr til padling og anna båtliv. I Kvamsvika har Kvammen Båtlag og Nærmiljøanlegg opparbeida ei fin badestrand. Her er det god parkeringsplass og moglegheit for å sjøsette båt. Båtlaget har ei småbåthamn der ein kan kjøpe seg båtplass, eller leige for kort eller lengre tid.
Området byr på fleire flotte toppturar med Blegja på 1305 meter som den høgste fjelltoppen i ytre Sunnfjord. Start frå Rørvika.
Ein naturleg samlingsplass er nærbutikken i Kvammen som har vanlege butikktenester, kaffikrok og drivstoff. Butikken fungerer også som eit vertskap for turistar. I dette området ligg det ei fotballbane og ei sandvollyballbane.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook