Om
Askvoll sentrumshamn ligg midt i sentrum av Askvoll og er eit ypparleg utgangspunkt for å utforske det vakre fjordlandskapet. Askvoll sentrumshamn har 50 gjesteplassar.
Frå Askvoll sentrumshamn kan du ta ein tur i merka løyper i vakker natur, spele sandvolleyball og bade på stranda. La ungane utforske leikeplassen, klatreparken eller ballbingen ved skulen. Gå på shopping. Du ankrar opp midt i smørauget; butikkar, vinmonopol, jernvare, kle, elektro, båtutstyr, fiskeutstyr, kro, hotell, pub, verkstad, apotek, lege og bilutleige. Alt ligg ein steinkast frå hamna!
Askvoll Sentrumshamn er også eit ypparleg utgangspunkt for å oppleve øya Alden, Bulandet og Værlandet, Atløy og Dalsfjorden.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook