Om
På Hillersøyna i Bulandet står to kvinner på sokkel. Den eine er Berte, den andre Hansine. Statuene er laga av Ingun Dahlin. I 1885 var desse to kvinnene med og berga sju skipbrotne menn frå eit skjer. Dei var begge i tjueåra, og etter ei tid vart dei tildelt den offentlege redningsmedalja.
I 2007 vart dei heidra med eit minnesmerke som står på Nordavindshågen på Hillersøyna. To
kvinneskikkelsar i halvfigur kviler på kvar sin sokkel. Med krosslagde armar i gull stirer dei utover
havet.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook