Om
Ta turen til øya Alden og bestig den Norske hest – fjellet som stig nærast loddrett opp av havet!
481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er fjellet eitt av dei mest markante seglingsmerka på Vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar!
For å komme til Alden må ein ta ferje frå Askvoll eller Fure til Værlandet, og vidare bestille båttransport gjennom Værlandet Gjesteheim (tlf: 905 51 334) eller Alaria AS v/ Audun Oddekalv (tlf: 481 32 779) frå Værøyhamna til Alden. Ein kan også bestille båttransport frå Atløy til Alden hos Taxibåt Atløy (tlf. 957 24 132). Eventuelt kjem du i eigen båt.
Frå hamna går ein den korte vegen opp til garden, og her er det skilta mot toppen. Ein tek straks til på oppstiginga, og vinn raskt høgdemeter. Stien er smal, men godt synleg heile vegen opp. Ved om lag 300 m.o.h kjem ein opp på platået, og terrenget flatar noko ut. Vidare mot aust og opp til Instestova, den austlege toppen, er det lett å gå. Her får ein flott utsikt i alle retningar! Går ein nordover frå varden kjem ein til nokre djupe kløfter. Her bør ein ikkje gå når det er skodde, og ungar bør ein passe godt på.
For å få endå betre utsikt til havet og øyane i vest kan ein ta turen bort til den vestlege toppen Ystenova. I vest ser du dei små øysamfunna like ved storhavet, mens du i nord og aust har utsikt til majestetiske fjelltoppar og fjordar. Heilt i nord kan du til og med sjå Gjegnalundbreen og Ålfotbreen - Norges vestlegaste isbrear!
Sjølv om oppstiginga er bratt dei første 300 meterane, er turen overkommeleg for dei som er vant med å gå i terrenget. Stien er god, og treng ein å ta ein pust i bakken kan ein berre sette seg ned og nyte utsikten som er upåklageleg frå første stund. Turen tek ca 3 timar tur/ retur.
Ein fin sommartur er å ta overnattingstur på Alden og få med seg sola som går ned i havet i vest og ein tidleg soloppgang i aust. Betre utsikt får du ikkje!
Ein bør ikkje gå turen når det er snø og glatt.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook