Om
Fjellformasjonen Brurastakken ligg godt synleg frå skipsleia vest for Atløy. Det er tilrettelagt ei geologiløype som startar på høgda ca. 2 km før Herland. Frå Herland er det og merka løype opp på Brurastakken.
Den geologiske historia spenner seg over eit langt geologisk tidspunkt, om lag 2 milliardar år. Vi finn spor etter tre fjellkjedefoldingar, eit resultat av at kontinentplater har kollidert og fjellkjeder bygd seg opp, før dei har blitt erodert flate igjen. Få stader har so rik og mangfaldig geologisk historie som Askvoll-området. Fjellgrunnen er samansett av svært ulike bergartar, indikasjonar på at vidt forskjellige geologiske prosessar har gått føre seg.
Tidleg om våren pyntar dei raudfiolette blomstrane til Vårmarihand – Orchis mascula – Brurastakken. Det gjere turen ekstra frodig og spennande på denne tid av året.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook