Om
Dokka opp Ranen er noko meir krevjande enn ruta om Nyksvatnet. Det går i jevn, bratt stigning heilt til topps. På turen opp vil du ha ei spektakulær utsikt over heile Dalsfjorden og fjellområda mot Sognefjorden. Når du kjem til toppen vert belønninga ei nydeleg utsikt over Askvoll kommune, og der du i fint ver kan sjå plattformene i Nordsjøen.
Frå parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal, går du opp traktorvegen til du kjem på flata rett etter at skogen er slutt. Der går du til venstre slakt oppover til du finn ein sti som kjem frå Vikastølen. Du held fram til venstre på stien til du går over ei lita elv, og du fortset rett opp bakken. Det er delvis sti oppover ranen mot toppen av Dokka, og under vegs vil du ha ei spektakulær utsikt. Returen til parkeringsplassen kan du legge om Nyksvatnet. Rundturen tek 3 - 4 timar.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook