Om
I Værlandet og Bulandet er det pr 1. august 2017 registrert 232 ulike fuglearter. Kvart år og spesielt om hausten kjem nye til. Som for andre utpostar langs kysten er det mai/juni og september/oktober som er dei mest spennande tidene for fuglekiking. Ein kan rekne med at mykje fugl og til dels sjeldne arter passerer Værlandet og Bulandet i denne tida på hausten. Over 200 ulike artar er registrert i september og oktober, så mangfoldet er stort av alt frå spurvefugl til rovfugl og sjøfugl.
Sidan øyane vest i Sogn og Fjordane er relativt lite besøkt av ornitologar er det framleis mogeleg å finne arter som ikkje er sett her før. Det gjer det litt ekstra kjekt å vere fuglekikkar nett her. Det har dei seinare åra også vore observert artar som ein ikkje har sett i Norge før. Også Askvika, Straumen og Kyllaren er av stor interesse for ornitologar og andre fugleinteresserte.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook