Om
Sykkeltur frå Askvoll til Staveneset/ Holevik, via Stongfjorden.
Ein sykkeltur for dei meir trena til eitt av Noregs vestlegaste fastlandspunkt. På Stavenes ligg det 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå 1800 f.Kr. til 500 e.Kr. Vegen langs Eidsfjorden til Stongfjorden gjennom det bratte Stigaberget opna i 1946, og har om lag vegstandard frå den tid. Stor sjanse for nærkontakt med geiter. Flott blomsterprakt langs vegkantane mellom Stongfjorden og Hollevik. Turen er på ca. 27 km kvar veg.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook