Om
Parkering og turstart ved kraftstasjonen ved enden av Markavatnet.
Første del av turen går på tydlege stiar frå Markavatnet fram til Nipevatnet der ein føl turlaget sine røde T-ar til Nipebu. Det er merka med skilt i terrenget kvar ein skal ta av denne stien og gå mot toppen. Etter dette er det merka med steinvardar. Mot vest har ein flott utsikt over gardsbruka ved Markavatnet, Stavfjorden og Stordalen. Mot aust tronar Eitrenipa og Blegja som spektakulære blikkfang.
Turen tek 2-3 timar kvar veg i moderat tempo, ca 8,4 km tur/retur.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook