Om
Moldura er den høgste toppen i Holmedal. Herifrå ser du 7 prestegjeld og ei fantastisk fin utsikt over fjellheimen frå Jostedalsbreen til Nordsjøen.
Start frå parkeringsplassen ved Holmedal vassverk, og gå traktorveg mot Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatn, som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal. Du ser Moldura mot nord, og stien tek deg forbi Dagsturhytta. Gå til venstre på merka sti mot Moldura og du vil komme til eit skilt som viser 2 forskjellige ruter til toppen. Når det ikkje er snø, kan du gå begge, men den stien som går rett opp, er noko luftig og delvis i steinur. Stien til venstre er noko lettare. Når du kjem til toppen, får du ei fantastisk utsikt over fjellheimen frå Jostedalsbreen til Nordsjøen. Turen er absolutt å anbefale og tek 3 til 4 timar.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook