Om
Nordsjøløypa fylgjer den gamle skulevegen som ungane i Myrvågen brukte frå omlag 1900 til 1939. Den er 2,4 km lang og tek vel ein halvtime å gå.
Parker på ferjeleiet og gå vestover. I det første krysset (ved Nybø) er det skilta til Nordsjøløypa. Ein kan òg starte frå vest. Då køyrer ein mot Bulandet og parkerer på parkeringsplassen på austsida av fylkesvegen. Terrenget er variert, frå furuskog til nakne berg og myr. Over dei våtaste partia er det laga klopper, så ein kan komme seg tørskodd over. Dersom du har tenkt deg ein tur opp på Høgkletten (163 m.o.h), tek Nordsjøløypa deg til startpunktet.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook