Om
Rivedal galleri finn du i bygda Rivedal i Askvoll kommune. Galleriet er eigd og drive av Oddveig Lyngstad, som sjølv lagar relieff, smykke, englar og dørskilt i tre. Galleriet har årleg sommarutstilling av gjestande kunstnarar. Hovudutstillarar sommaren 2019 er Trud Willman Nybø frå Florø og Jesper Klentz Evers frå København. Det er elles eit breitt utval av kunstnarar representerte i galleriet. Du finn både biletkunst, brukskunst og handverk. I helgane kan du nyte både kalde og varme drikker med noko godt attåt i gallerihagen eller på terrassen, som ligg idyllisk til like ved Rivedalselva.
Det er mogeleg å gjere avtale om besøk i galleriet utanom faste opningstider. Ring eller send sms til 995 00883.
Du kan betale både med kort, vipps og kontantar (vi tar ikkje inngangspengar).
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook