Om
Er du interessert i fugl og fugleliv, er Askvoll rette plassen.
I Sogn og Fjordane vart det i 1993 oppretta til saman 57 sjøfuglreservat. 15 av desse ligg i Askvoll kommune, og Askvoll er dermed den kommunen som har dei fleste reservata for sjøfugl i fylket. Dei tre viktigaste sjøfuglreservata i Askvoll er Moldvær, Ryggsteinen og Håsteinen lengst vest i havet ved Atløy. På Ryggsteinen og Håsteinen er det dessutan registrert mykje kobbe.
Askvika, Straumen og Kyllaren
Aust for Askvoll sentrum ligg eitt av dei største våtmarksområda i Noreg. Ut mot fjorden i vest heiter
det Askvika. Så smalnar det inn til Straumen, og går nordover i ein lang og grunn fjordarm som heiter
Kyllaren. Fordi våtmarkene er av vital betydning for mellom anna vadefugl på trekk, vart
våtmarksområda verna i 1982. Kyllaren og Askvika er ei av dei største og viktigaste våtmarkene på
trekkrutene for vadefuglar i Skandinavia.
Sørværet naturreservat
Sørværet naturreservat består av nokre småøyar og holmar sør for Værlandet og er verna som
våtmarksreservat. Her i Sørværet finn ein m.a. lyngheier og myrar som trekkjer til seg vadefuglar og
andefuglar.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook