Om
Staveneset ligg ca. 9 km vest for Stongfjorden og er eitt av dei vestlegaste fastlandspunkta i landet. Det ligg utsett til, like ved den krevjande Stavfjorden. Her er det flott å opphalde seg både i storm og stille. Betre stad for fasinerande «storm watching», eller flotte solnedgangar, er vanskeleg å finne.
På Staveneset ligg det 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr. Gravrøysene er lette å få auge på, medan helleristingane ikkje er det.
Staveneset var ein nøkkelstad under andre verdskrigen. Engelske agentar overvaka skipstrafikken og fekk hjelp hjå dei fastbuande, noko som skapte dramatiske omstende. Det er sett opp to minneplater, og mellom dei står emblemet til Royal Air Force.
Frå Staveneset er det godt merka sti til Høgeheia, ein fantastisk fin turtopp med panoramautsikt!
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook