Om
Brurastakken er eit eldorado for geologar og andre stein- eller turglade. Det er merka sti til Brurastakken, og ei eiga geologiløype, frå småbåthamna på Herland. Gå opp bakken, ta av til venstre ved postkassestativ, første huset på venstre side. Litt myr i starten men resten i lett stigning mellom lyng og på berg. Etter 1 km kjem ein til tyskarhytta. Her hadde tyskarane utkikspunkt og tilhaldsstad under krigen.
Eit lite stykke før toppen av Brurastakken (177 m.o.h.), kjem ein til eit skilje der stien er skilta mot riksvegen. Om ein går ned her, er det 2 km til Herland. Litt nærmare toppen er det eit anna skilje som er skilta til Geologiløypa, som er 2 km. Denne stien går ned mot sjøen, og framom Brurastakken. Her er like vakkert i storm som i stille. Fjellet sine foldingar med materiale frå devontida får du her sjå på nært hald. Litt bratt nedstiging mot sjøkanten, og ein del våte parti. Frå sjøen er litt stigning opp igjen til riksvegen. Området har eit rikt og variert planteliv.
Om ein startar på høgda før Herland kan ein velje mellom å gå mot syd i Geologiløypa som er 2,5 km. Eller ein kan gå mot nord og opp gjelet som tyskarane skaut ut under krigen, 0,6 km til Brurastakken. Her i frå er det 2 km i lett nedoverbakke mot Herland.
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook