I Askvoll kan du dra på øyhopping mellom sjarmerande øysamfunn, enten ved hjelp av ferje, eigen båt eller kajakk. Du kan oppleve flotte fjordbygder langs Dalsfjorden, Stongfjorden og Førdefjorden. Bruk gjerne sykkel som transportmiddel, og utforsk kulturvandringsløyper til fots.
Askvoll er eit eldorado for geologar og andre stein- eller fjellglade. Her er tydelege spor etter den kaledonske fjellkjeda, og dei geologiinteresserte kan studere prosessar knytte til danning og kollaps av fjellkjeder. Er du kun ute etter ein fin fjelltur, har du utallege valgmogelegeheiter. Turar som vil gje deg fantastiske utsiktspunkt mot hav og fjell.
Askvoll har mange verneverdige hekkeområde for sjøfugl, og Kyllaren og Askvika er av dei viktigaste vårmarkene på trekkrutene for vadefuglar i Skandinavia. Nye fugleartar vert stadig observert.
Askvoll har ei rik og spennande historie, med spor tilbake til bronsealderen i form av gravrøyser og helleristningar. I Rivedal står statuen av Ingolf Arnarsson, den første norrøne busetjaren på Island. Mange av grendene har eit galleri, eller eit bygdemuseum som fortel historia til staden.
Fjorden og havet har, og har alltid hatt, stor betydning for livet ved kysten. I dag viser denne tilknytinga ikkje minst gjennom alle småbåthamnene og gjestehamnene. Som båtturist har du flust av gjestehamner å velje i. Fleire av dei har også ei kro i nærheita.
Gjennom sommaren er det fleire festival- og kulturarrangement som samlar mykje folk.
Velkomen til små og store eventyr i Askvoll
Følg oss...
Youtube
Instagram
Facebook